Kva har du lyst å få til?

Har du ønskje, tankar og idèar om å oppgradera uteområdet ditt? Kanskje gjera det meir funksjonelt, vakrare eller rett og slett endra det pga av bygging, ta gjerne kontakt!

Synfaring, løysingar og planlegging

Me tek gjerne ei synfaring for å både sjå og høyre om prosjektet ditt, og spanderer gjerne ein halv time gratis. Det er viktig for at me skal kunna få eit grunnlag for å gi deg eit godt forslag til korleis du kan gjera det. Vår tid er likevel begrensa og me har desverre ikkje høve til å bruka all verda med tid i denne fasen. Dersom me skal laga forslag med budsjettpris tar me betalt for dette dersom det ikkje blir eit prosjekt her hos oss. Pris på forarbeidet kan me avtala på førehand.

Gjennomføring

I Steintøft leverer me arbeid av høg kvalitet, grundig og skikkeleg utført i tråd med krav frå styresmakter, lover og reglar. Våre dyktige fagfolk set si ære i å gjera godt og solid handtverk slik at du blir nøgd.

Me håper å høyra frå deg!

This form is currently undergoing maintenance. Please try again later.

Når du sender inn skjemaet får du sjølv ein kopi på e-post.